Her er mai i bilder frå arkiv
blogg Gustav Skaar
onsdag 29. april 2026
søndag 26. april 2026
Fjelltrim Kultingane
![]() |
| Eit minne frå Kultingane i ettermiddag |
![]() |
| Moldura, Kalderasnipene og Dokka. Dalsfjorden og Bakkevatnet t.h. |
![]() |
| Askvoll |
tirsdag 21. april 2026
Fantastisk fjelltrimdag
![]() |
| Dagens selfie |
![]() |
| Nydeleg utsikt til Rivedal, Straumsnes og Dalsfjorden |
I dag gjekk turen til Rivedal og opp på fjelltrimposten til Askvoll idrettslag på Røyrbotnholten (link eigne bilder). Som eg skreiv her om dagen er det mange flotte triminitativ å vere med på om dagen. Stolpejakt og TiTur Dalsfjorden og så fjelltrimmen rundt om på dei høgste toppane i kommumen. Fjelltrimmen ligg ute heilt året. Både som registreing på app og på bøker. Applaus til alle som syter for dette!
Det var eit aldeles praktfullt vårvèr i dag. Sol frå skyfri himmel og vindstille. Dalsfjorden låg speglande vårglad. Og etter at bøane i Rivedal var sprøyta med gylle kunne ein formeleg sjå graset gro. Så flott!
Eg parkerte ved den vanlege tilrettelagde parkeringsplassen ved kraftverket. Gjekk opp kraftvegen til demma. Morgonsola varma allereie i ryggen klokka 09.30! Vidare gjekk ruta over myrane vest om Lisetstølen. Her brukar det å vere ganske tungt å gå i all væta. I dag var det faktisk ganske tørt. Så gjekk turen vidare opp dei bratte bakkane på sørsida av fjellet og opp i DNT-stien som kryssar vest/aust frå Stongfjorden til Nipebu. Derette opp skåra på sørvest sida til toppen. Perfekt. Nydeleg utsikt. Og eg kunne kose meg med både skiver og Solo! Luksus!
Eg sat vel ein god halv-time på toppen og naut livet. Nesten litt sjeldsynt å sitte slik på ein fjelltopp i strålande solskinn og vindstille i april 😎
Turen ned att gjekk same vegen. No med vårsola i ansiktet🌄Fantastisk følelse å kome seg opp i høgda denne dagen 😍
fredag 17. april 2026
Trimprioriteringar
![]() |
| Mangevatna i grått vårvèr i dag tidleg |
![]() |
| Tre havørner heldt meg med selskap |
![]() |
| ...ved Mangevatna |
![]() |
| ...og heime igjen |
11.april gjekk TiTur Dalsfjorden26 og Stolpejakten av stabelen. I tillegg har vi fjelltrimmen som pågår heile året. Så, ja, vi har rikeleg med trimalternativ å vere med på om dagen. Av og til nesten litt "vanskeleg" å prioritere kva alternativ ein skal velge😎. I dag tok eg iallefall årets første besøk påTiTur posten oppe på Skylefjellet etter at registreringa starta. Nesten litt sjølvsagt sidan fjellet ligg på heimebane på nordsida av Stongfjorden.
Det var overskya vèr i dag og god vårtemperatur. Og litt vind i høgda. Stien opp var forbausande tørr og fin. Eg valde å gå vegen ned igjen via Mangevatna og til Svartevatnet og heim. Kjekk tur! Og 1 besøk på TiTur registrert😁
Fotoserie Skylefjellet arkiv
fredag 10. april 2026
Pensjonist-åra
![]() |
| På Møteplassen i Askvoll har vi det kjekt |
torsdag 9. april 2026
TiTur Dalsfjorden og Stolpejakt - oppstart
| Skylefjellet er post på årets utgåve av TiTur Dalsfjorden - her er det flott utsikt til dei flotte Mangevatna Bildefilm Skylefjellet her |
| Frå Kalderasnipa er det flott utsikt til Askvoll fjella i vest Bildefilm Kalderasnipa(ene) her |
Både TiTur Dalsfjorden og Stolpejakta startar opp i kommunane Askvoll og Fjaler i helga. Askvoll kommune har lagt ut følgjande info på sine heimesider.
"Løypene på Stolpejakten er varierte og familievennlege – frå sentrumsnære turar til naturskjønne rundløyper. Stolpane er mellom anna plasserte i Kvammen, Stongfjorden, Askvoll, Holmedal, Rivedal, Atløy, Værlandet, Bulandet, Dale, Haugland og Ytre Fjaler".
God tur og God jakt!
torsdag 2. april 2026
Herleg påsketur
![]() |
| Dagens selfie |
![]() |
| Mangevatna |
![]() |
| Mangevatna med utsikt til Toreheia og Yndestadhøgeheia |
Frå vèrmeldingane å dømme skal dagen i dag, Skjærtorsdag, vere den einaste dagen denne påska med fint vèr. Så heldigvis fekk eg bruke deler av denne til ein tur på Skylefjellet og Blåfjellet her heime. Eitt av dei finaste fjellområda i kommunen. Kortreist frå dørgotta.
Etter ein dag med skikkeleg regnvèr i går, var det vått første biten opp til Rinda. Men eg hadde (sjølvsagt) teke på meg Scarpa fjellskoa for å halde meg tørr på føtene. Vidare frå Rinda til Svartevatnet låg det snø. Litt variabel mengde, men ca 10 cm på det meste. Her oppe tok dessutan nordavinden ganske friskt. Som vi veit er fjella på nordsida av Stongfjorden temmeleg eksponerte for alt slags vèr. Og vinden kan vere ganske så ekstrem. I dag var det vel berre frisk bris. Men temmeleg kald.
På toppen av Skylefjellet bestemte eg meg for å gå vest til Blåfjellet òg. Så fekk eg meg ei litt lenger runde. Her ute sat eg ei stund litt i ly bak varden før turen gjekk inn att sørsida av Mangevatna. Og ned att same ruta eg kom opp her aust og heim igjen.
Skylefjellet er ein av postane på årets utgåve av TiTur Dalsfjorden. Med oppstart 11.april. Merkinga frå skiltet ved vegen til toppen skal vere bra.
Folk traff eg ikkje på turen før eg kom ned igjen til hovudvegen. Då fekk eg meg ein god prat med eit par frå Jølster som tenkte seg på Skylefjellet. For første gong. Dei fekk no ferske spor å gå etter. Herleg påsketur!
Foto Skylefjellet & Blåfjellet 020426
Bildefilm Northern Lakes, Stongfjorden
tirsdag 24. mars 2026
Nipebu i påska?
| DNT-hytta Nipebu |
Det nærmar seg påske, så her er eit liten trigger til å besøke DNT-hytta Nipebu og det fantastiske fjellområdet ikring. Her ligg info. I år er det bort i mot snøfrie forhold, så skiføre er her ikkje.
Eg legg ved ein bildefilm eg laga for nokre år sidan. God tur!
mandag 23. mars 2026
TiTur Dalsfjorden 2026
| Via ruta frå Eidsfjorden til Kalderasnipa har ein fin utsikt til Askvoll |
| Kalderasnipa i midten sett frå søraust på veg til Dokka |
| Steiestølen frå ruta (Dyttinga) til Taket Frå Facebook sida til Titur Dalsfjorden kan ein lese følgjande: |
Bildefilm Kalderasnipene
Bildefilm Skylefjellet
mandag 16. mars 2026
Dette blir bra ...
![]() |
| Calella de Palafrugell |
- Vandretur fra Santa Susanna tilSant Pol
- Vandretur ved Montserrat klosteret
- Vandretur til Calella de Palafrugell
- Vandretur fra Vallromanes
- Vandretur i Garrotxa Nasjonalpark
- Byrundtur i Girona
- Besøk til fiskerlandsbyen Calella de Palafrugell
- Besøk til organisk vingård med vinsmaking
- Besøk til Garrotxa nasjonalpark
- Inngang til Montserrat klosteret
- Taubane i Montserrat
- Togbillett fra Sant Pol tilSanta Susanna
- Lokal vandreguide
- Norsktalende reiseleder













.jpg)